Hei på deg, du som sit og kopar framføre EDB-maskina di. Du har kanhende høyrd soga om mjølkeheksa? Då minnest du nok også at onkel Rolv lova deg ei ny forteljing? Ei om Badetrollet. Det er det du no skal få. Men, fyst, til gleiing for nye lesarar og lyttarar:

Soga om mjølkeheksa

Har du ikkje høyrd om Badetrollet? Du veit jo at dei vaksne ikkje fortel deg alt. Men, når dei har lagt deg og trur at du ikkje lenger kan høyre dei, då snakkar dei ikkje om anna enn badetroll, dodrauger og mjølkehekser. I sær Badetrollet. For sjøl om dei ikkje kan se trollet som du kan, så er dei redde det finnst. Og Badetrollet har dei sjølve vore med på å skapt. Det er difor teier dei om sanninga for deg.

Nede i havet finnst mykje rart. Hai er eitt døme. Og dei vaksne sei at me ikkje har hai her i Norge. Då kan e fortelja deg at det er ikkje sanning! Me har hai. Me har dei endå på landjorda. Men, børshaiar kan eg jo fortelja om ein annan gong. Dei er ikkje på langt nær så ofselege og lumske som Badetrollet. Og det er mørkeblått og grådig på små lettlurte og fattige ungar. I sær dei som har foreldre som ikkje arbeidar. Og det finnst også alle plassar der ein bader. Eit badekar til dømes. Du trur du sit trygt der og plaskar i det varme vatnet. Men, like under proppa i badekaret ligg trollet og lurer. For det ventar på at du skal bli mjuk og føyelig av alt det varme vatnet. Det beste Badetrollet veit er nakne, skrukkate og vasstrukne småungar! Og så snart du trekk i proppa for å slippe ut badevatnet, så slepp du inn Badetrollet som kjem og trekk deg med ned til havet. Kor mykje du skrik og jamrar deg, så hjelper det ikkje. For dei vaksne kan ikkje koma til og hjelpe.

Og nede i den kaldaste, djupaste, mørkaste og mest skitne delen av havet der sit SIV JENSEN, ERNA SOLBERG og resten av REGJERINGA, saman med STØTTEPARTIA og kallar på deg. “Kom å få skattelette og nye vegar,” lokker dei. Men, du er jo eitt barn. Og du veit betre. Ein kan ikkje ete skatteletta og nye vegar er livsfarlege å leike på!
Så ta deg i akt. Neste gong dusjar du. Med sparedusj. For dei vaksne i huset ditt har ikkje råd meir til at du ligg og plaskar i litervis med varmtvatn…

Merknad – Her kan du få ein vaksen til å lesa for deg om du vil vite meir: http://www.abcnyheter.no/penger/okonomi/2014/12/03/213163/borgerlig-uforeforlik-rammer-4500-barn

Dnort